torsdag 24. desember 2009

GRACE SLICK - med aner fra Etne

Juleaften 2009 var det et oppslag i Grannar, lokalavisen for Etne, Ølen og Vindafjord, med utgangspunkt i min egen artikkel om låtskriver og vokalist i bl a 'Jefferson Airplane' Grace Slick. Hun har sine aner på farssiden fra Vinje i Etne. Les hele artikkelen her.

Grannar 24.12.2009:

Woodstockartist med anar frå Etne
For 40 år sidan sto det ei dame med tippoldeforeldre frå Etne på scena under Woodstock-festivalen. Frontfiguren i bandet Jefferson Airplane, døypt Grace Barnett Wing, kan sporast tilbake til Vinje i Stordalen.
Ivar TeIgland
ivar.teigland@grannar.no
Våren 1847 forlét Jon Osmundson Bjørk og Siri Tjerandsdotter Silde den veldrivne garden Bjørk i Stordalen og reiste til Amerika. Med seg hadde dei borna Marta fødd i 1839 og Osmund fødd i 1842. Ved emigrasjonen brukte dei etternamnet Vinje etter faren til Jon, mens i Amerika endra dei namna sine til John og Sara Wing. Dette blei starten på ei amerikansk slekt som skulle enda opp med Grace Barnett Wing, ei av dei av dei mest betydningsfulle musikarane innanfor psykedelisk rock på 1960-talet, betre kjent under namnet Grace Slick.

Tippoldeforeldra til Grace var av dei fyrste nybyggarane i Kendall County, Illinois, då dei kom til USA, men flytta til Wanamingo, Goodhue County, Minnesota, i 1856, der dei bygde seg garden Aspelund.

Vinje i Etne
— Først tenkte eg at «Wing» måtte stamma frå Vinje i Telemark, men eg blei veldig overraska då eg fann ut at røtene stamma frå Vinje i Etne, seier slektsgranskar Arnfrid Mæland (57). Sjølv bur ho i Bergen, men har både fars- og morsslekta si frå Etne, og er ofte på ferie i opphavsbygda. Ho er utdanna innan pedagogikk og musikk, men slektsgranskinga er ein flittig hobby. Med internett går det lett.

— Etter å ha kartlagt Joni Mitchell si norske slekt tidlegare i år, utan å finna at eg er i slekt med ho, hadde eg òg eit ønske om å leita etter felles anar med Grace Slick. Sidan både farmor og mormor har størsteparten av slekta frå Etne, rekna eg med at dette kunne vera muleg, men heller ikkje denne gongen var det tilfelle. Derimot er Grace i slekt med kusinene mine, Anna Torhild og Astrid Synnøve Førsund. Grace Slick er deira femmenningar på Sildesida, og dei er faktisk Grace sine næraste slektningar i Norge. Dei har felles anar i Sara Wing sine foreldre, Tjerand Erikson Silda og Anne Osmundsdotter Ekreim. Dessutan er Grace sin far, Ivan, deira 5-menningar på Bjørk-sida, fortel Mæland engasjert.

Nær slekt


Også fetrane hennar, Jon og Ragnar Tesdal, er i slekt med den amerikanske musikaren. Anna Torhild og Astrid Synnøve si eine tippoldemor var Ragna Jonsdotter Bjørk, Jon og Ragnar si eine tippoldemor var Siri Jonsdotter Bjørk, medan Grace si eine tipp-tippoldemor var Marta Jonsdotter Bjørk, alle søstrer og døtre av etnebonden Jon Ingebrigtsen Bjørk i ekteskapet med Siri Rasmusdotter Øvernes.

— Jon og Ragnar Tesdal er faktisk femmenningar med faren til Grace Slick på Bjørk-sida, så sjølv om eg ikkje fann eit direkte slektledd til meg sjølv, var det jo litt artig at eg enda opp såpass nært i slekta, kjem det frå slektsgranskaren.

Immigrantane frå Etne fekk i Amerika borna Charles i 1848, Joseph i 1852, Andrew William i 1856 og Samuel i 1860. I 1859 var John Wing tilsynsmann for fattige i Wanamingo. Sara Wing døydde i 1863 og John vart åleine med sju born, men dottera Marta og sonen Osmund, som då var vaksne, hjelpte faren på garden, med husarbeid og med dei små søskena. John døydde òg medan fleire av borna var små, allereie i 1866.

Velståande immigrantar

— Det er eigentleg merkeleg at Jon Osmundson Bjørk og Siri Tjerandsdotter Silde emigrerte til Amerika, for garden dei hadde på Bjørk var svært velhalden. Men det kan vera religiøse grunnar. Mange haugianarar meinte at dei var forfølgt heime i Noreg, opplyser slektsgranskaren som har røtene sine frå Etne.

Sonen Osmund Wing (1842-1914) fekk etterkvart viktige posisjonar i Wanamingo. I 1875 blei han utnemnd til postmeister og starta First State Bank of Zumbrota. Han var bankdirektør til samanslåinga med Security State Bank i 1909. Osmund var republikanar og han var senator frå 1895 til 1898. Han var gift med Susanne Nelson Nitter Thalle (1850-1887), med røter frå Luster, og dei hadde tre døtre og to søner saman. Sonen John heldt fram med farens forretningar og med garden Aspelund. Familien må ha stått seg svært godt, noko teikninga av garden frå 1874 viser.

LSD i teen

John og Sara sin son Joseph vart fødd i Illinois i 1852. Han var gift med Anne Marie Elstad frå Ullensaker. Dei budde i Wanamingo ei stund, men etterkvart flytte dei til Seattle i Washington. Dei hadde sonen Arthur, fødd i 1878, gift med Grace Josephine Dow. Arthur og Grace hadde sonen Ivan, fødd i 1907, gift med Virginia Barnett. Ivan og Virginia fekk dottera Grace Barnett Wing, fødd i 1939, seinare kjend som Grace Slick. Ho er nok mest kjent som låtskrivar og vokalist i Jefferson Airplane, Jefferson Starship og Starship, og som bildekunstnar. Men Grace Slick er òg kjent for fleire skandalar, blant anna har ho vore arrestert fleire gonger for rus. I 1969 var ho i eit teselskap hos president Nixon si dotter, Tricia, i Det kvite hus. Då prøvde ho å ha LSD i presidenten sin te, men lukkast ikkje.

— Som ein kuriositet kan det nemnast at Grace på morssida har felles anar med nettopp Richard Nixon, men òg med Gerald Ford, George Bush og Lady Diana, fortel den ivrige slektsgranskaren Arnfrid Mæland.

Slekt på garden
Grace var gift to gonger, fyrst med Gerald Slick, der ho har etternamnet frå, og siden med Skip Johnson. Grace har ingen born frå ekteskapa, men ho fekk dottera China Wing Kantner med Jefferson-gitarist Paul Kantner i 1971. Også China er kunstnar og musikar, og som mor si har ho òg slite med rus, men skal nå vere tørrlagd.

— Eg ønskte å finna ut om det i dag er slektningar av Grace på garden Bjørk som Jon og Siri reiste frå i 1847. Det er det. Borghild Nora Prestegård, fødd Sævereide, som nå bur på Bjørk, er firemenning til Grace sin far, Ivan Wing. Deira felles anar er John Wing sine foreldre, Osmund Torkelson Vinje og Marta Jonsdotter Bjørk, opplyser den 57 år gamle slektsgranskaren.

Det er musikkinteressa som driv Mæland i slektsgranskingsarbeidet, og no er ho godt i gang med å finna ut kven som var Marilyn Monroe sin juridiske far.

Billedtekster:

'Garden Bjørk i Stordalen fotografert omlag 1955. Det er ni hus på garden, akkurat som i gammal tid.' foto: BORGHILD SÆVEREIDE PRESTEGÅRD/PRIVAT

'Teikning av garden Aspelund i Wanamingo, Goodhue, Minnesota. Det var immigrantane John og Sara Wing som bygde Aspelund, og sonen Osmund som var fødd i Etne, overtok garden etter dei.'

'Slektsgranskaren Arnfrid Mæland bur i Bergen, men har både fars- og morsslekta si frå Etne.' foto: privat

'Grace Barnett Wing sine tippoldeforeldre emigrerte til Amerika i 1847 frå garden Bjørk i Etne. Her sit tippoldebarnet og vokalisten i Jefferson Airplane, Grace Slick, backstage underWoodstock-festivalen i 1969.' foto: scanpix

Affi

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar